01_radhus_780_93499j

Om politiske verv og det å vere mamma

Eg er folkevalgt og dermed ganske privilegert. Rett til å påverke beslutningane rundt meg. Det er også spennande å få påvirke utviklinga i ein så stor kommune som Bergen. I motsetning til mange andre politikarar kom eg seint inn i politikken, eg har ingen bakgrunn i ein politisk ungdomsorganisasjon eller liknande. Men eg har tatt i mot dei muligheiter eg har fått. Bergen er ein såpass stor kommune at vervet som folkevalgt blir ikkje kasta etter ein, det krever at ein prioriterer politisk aktivitet, både ved å følge opp konkrete saker og å skaffe seg erfaring. Dette betyr blant anna mange møter, mange telefonsamtaler, mange mailer. Det er mange kveldar som har blitt brukt til dette.

Samtidig har eg i denne tida der eg har skaffa meg politisk erfaring, også hatt småbarn heile tida. Det er ikkje tvil om at dette har berøva mykje tid som eg heller kunne brukt til å følge opp mine eigne barn. Nokre gonger, når eg ser smerten heime i det eg går eller ikkje er til stade i mine barn sitt liv, vore alvorlig tvil om det er verdt det. Eg trur mange småbarnsforeldre opplever dette, kanskje ikkje minst kvinner, ikkje minst.

Vi må sjølv ta ansvar for dei valga som vi tek. Likevel har eg opplevd positive endringar i min situasjon det siste året. Likestilling i forhold til rekruttering av politiske verv, har blitt løfta som problemstilling, og kveldsmøter har blitt omgjort til morgenmøte, og bystyrmøtene har gått oiover frå å starte kl 16.00 til å starte kl 12.00. For meg blir dette enklare, det gjer at eg får litt fleire lesestunder med barna

Post kommentar