408c3e1748003e609412add14bf620dc

Lat meg fortelje deg noko…

… som du allereie veit. Eg lærte nyleg eit ord som set namn på eit kjend, men gjerne mindre kjært, fenomen: mansplaining.

Ein laurdag før jul var eg på ein konsert saman med ei venninne, ein fantastisk konsert med lysande solistar og ein entusiastisk sal breiddfull med kulturell kapital og sikkert eit solid tal studiepoeng. Det var statement-briller og geometriske hårfrisyrar så langt eg kunne sjå. Men i pausen skjedde det noko rart: Ei av solistane var ute blant publikum for å helse på kjende, og vart tilfeldigvis ståande ved sida av der eg sat. Det var mange, både meir og mindre kjende, som kom bort for å gratulere henne, og raskt merka eg eit gjennomgåande fenomen i gratulasjonane som kom frå menn: Så snart ordet gratulerer var ute av munnen deira haldt dei fram med å forklare henne, solisten, kvifor ho var så flink, korleis dei vurderte prestasjonen hennar og, ikkje minst, deira eigen bakgrunn for å kunne uttale seg med så stor mynd om spelinga hennar.

Eg sat der og kunne ikkje tru det eg høyrte! Denne stakkar solisten, som var utstyrt med normale sosiale eigenskapar og då høfleg følgde opp desse såkalla gratulasjonane, vart ståande og snakke med desse mennene om deira meritter, og klarte til slutt ikkje å nå bort til familien sin ein gong før andre delen av konserten byrja.

Eg var mållaus, heilt til venninna mi kom tilbake frå toalettkøen (altfor lang til å nå fram) og kunne fortelje meg at dette er gamalt nytt. Det er dette som heiter mansplaining, og noko dei fleste kvinner kjenner så altfor godt til:

mansplain
verb
informal
1. (of a man) explain (something) to someone, typically a woman, in a manner regarded as condescending or patronizing.
(wiktionary)

Så det er gjerne mange blant dykk som no nikkar gjenkjennande og tenkjer velkommen etter. Men dette var faktisk nytt for meg. Eg trudde lenge at det var noko særskild med far min som gjer at han alltid skal forelese for folk, gjerne om ting dei kan betre enn han (og det er nok litt ekstra kjekt for han), men no skjøner eg at det er meir enn berre eit persontrekk. Dette er nok eit døme der det offentlege rom vert kuppa, truleg ikkje bevisst, men av gammal vane.

Det handlar om å ha plass og å ta plass, og om å gi plass. Sentrale punkt i likestillingskampen frå dag éin, men like aktuelle i dag. Og ikkje heilt dumme som nyttårsforsett heller, synes eg. Så ta plass, og gi plass, og ha eit godt nytt år!

Post kommentar