nurseee1

Psykisk ustabil, situasjonsbetinga

527961_375574462515993_1797474566_nEr det rart eller unormalt å vere hos sine næraste dei siste dagane av livet? Er det «psykisk ustabilt, situasjonsbetinga»?

Det er stille på kontoret. «kan du ikkje skrive at eg er litt trøtt?» seier eg (eg er jo faktisk dødstrøtt etter mange vakenetter og lange transportetapper, tenkte eg.) «Jo men da kommer den bare i retur fra NAV» sier legen. «Sorg og dødsleie er ingen diagnose», seier han. Nei, kanskje ikkje, tenker eg. « Du kan jo søke pleiepenger» seier han. « Men eg kan ikkje pleie ho, ho er svært sjuk med eit samansett sjukdomsbilde og treng omfattande pleie på sjukehus» seier eg. « Eg bare er der, både for min og mor si skuld» seier eg. «Nei eg forstår det, seier han, og uansett, du kan ikkje få pleiepengar når ho er på sjukehus, jfr folketrygdloven § 9-12», seier legen

Det er frustrerande. Mor er døyande, og eg klarer ikkje å vere både på jobb og på sykehuset med ho. Det er 3-4 timar å køyre kvar veg. Det går ikkje. Dei treng meg også på jobb, men når eg ikkje veit korleis dette går, så vil eg vere hos mor, helst heile tida.

«Kva slag diagnose foreslår du då?» seier eg. «Psykisk ustabil, situasjonsbetinga, seier legen. «men det er jo stigmatiserande» seier eg. «ja» seier han, «men det jo ingen som treng vite det, det blir mellom deg og NAV» seier han.» og alle er jo litt ustabile i slike situasjoner, dessuten.»

Eg tenker at eg er faen ikkje ustabil! Det er normalt å synes det er krevande når døden skal skilje oss. Og hadde eg vore ustabil, situasjonsbetinga, ville eg likevel ikkje ha merkelappen. Men i mangelen på alternativ seier eg ja til legen sitt tilbod. Eg har ikkje råd til å tape ei halv eller heil månedslønn. Og det kan gå lenger tid også. Og arbeidsplassen sin 3 dagers velferspermisjon er eit lite brukbart alternativ. Men er det rart eller unormalt å vere hos sine næraste dei siste dagane av livet? Er det «psykisk ustabilt, situasjonsbetinga»? Dessuten, mor treng meg, ho har berre dagar igjen.

I etterkant har eg skjønt at mange har ein slik diagnose, i ein periode. Det er rart. Slik eg ser det, er det sunt og bra at familien er tett sammen på slutten av livet.

Mor døydde ganske raskt, etter få dager. Eg gråt mye og vi fekk snakka om mykje, om viktige ting, før ho døydde. Det er sunt, ikkje sjukt å bruke den siste tida saman.

Da eg gjekk på jusstudiet, brukte vi mykje tid på å skilje mellom diagnoser og symptomer. Diagnoser gjev rettigheiter, symptomer ingen. Men i praksis er det annleis, det er mange kvinner og ein god del menn som blir sjukmelde når det oppstår ekstraordinære omsorgsbehov.

Pårørandeomsorg og tilrettelegging for det er eit udekka område i vår velferdsstat. Vi har riktignok rett til permisjon uten lønn. Eller vi kan ha ein god tariffavtale. Men likevel, dette kan fort bli litt tilfeldig. Det er sunt å vere på jobb, men det er jammen sunt å bruke tid på kvarandre og. Eg ønskjer meg større fokus på pårørandeomsorg.

Post kommentar