Privilegert

Når det usynlege vert synleg – homo på lesbefest

Det var først som veggblom på lesbefest at eg verkeleg forstod skilnaden på synlege og usynlege minoritetar.

I, så vidt eg kjenner til, neste alle teoriar og studier om minoritetsgrupper og maktstrukturar går det ei viktig skillelinje mellom synlege og usynlege minoritetar. Sjølv om ei minoritetsgruppe framleis er dette, så verkar det alltid å vere viktig om medlemma av denne gruppa syns, bokstavleg tala, ute på gata eller ikkje. Og sjølv om eg sjølvsagt alltid har skjønt at det er ein skilnad her, at ein lettare kan skjule legning enn hudfarge, så har eg ikkje verkeleg teke det inn over meg kor viktig denne skilnaden faktisk er før ein fest eg var på for nokre år sidan.

– Gratulerer, no er du òg ein minoritet

Då eg fleire år før det igjen fortalde ei bifil venninne av meg at eg er homofil, svarte ho med å gratulere meg med at eg no òg er ein minoritet. Ho sa det sjølvsagt på skjemt, og noko eg ikkje hadde tenkt noko på i samband med min seksualitet, men som politisk venstreorientert akademikar var det ein tanke som eg festa meg ved.

Og det har sidan vore ein behageleg posisjon for meg å komme frå når eg uttalar meg om dette og hint i samfunnet. Sjølv om eg tronar skyhøgt på lista over verdas priviligerte i dag, noko eg er klar over, så har eg alltid hatt dette eine som skil meg frå det kvite, mannlege, heteronormative hierarkiet. Dette har gjort at eg framleis kan kjenne på ei framandgjering i samfunnet, og at eg kan sukke oppgitt over sjølvsentrerte hjartesukk frå/om den moderne mannen frå Knausgaard/Giæver/osb.

Veggblom

No meiner eg at det framleis er nok heteronormativ framandgjering å ta tak i i dag, sjølv om mykje har blitt mykje betre på imponerande kort tid dei siste tiåra. Samstundes er eg framleis mann, og då mi minoritetsgruppe er, meir eller mindre, usynleg innsåg eg ikkje kor mykje sosial posisjon eg trass alt har gratis på grunn av dette. Før eg var på lesbefest for nokre år sidan:

Det var ingen som var særleg interessert i meg. Ikkje berre til flørt, det var eg budd på, men i det heile var folka på festen ikkje interessert i meg eller mine meiningar – eg vart resolutt sett til side til fordel for kvinner som, etter mitt vit, hadde mykje mindre å fare med enn meg. Men det var ikkje viktig: eg var per definisjon ikkje like interessant. No er det ikkje meininga å henge ut lesber her, ei heller denne festen. Poenget er det som hende, nemleg at eg vart ein synleg minoritet, og det var ei ny, og uventa oppleving.

«Normalt»

Den festen minna meg på kor privilegert min posisjon framleis er, som kvit mann med høg utdanning, ein posisjon som det er veldig lett å ta for gitt fordi den framleis er nettopp det. Det var først i eit miljø der denne gitte ståa var endra at eg innsåg dette, eit miljø der eg var ein synleg minoritet og tydeleg fekk merke dette. Så no forstår eg betre kvifor dette skiljet mellom synleg og usynlege minoritetar er viktig, og så må eg medgi at eg ikkje går på lesbefestar meir enn eg må – men det reknast truleg heller ikkje som eit tap for nokon.

Post kommentar