2752879_h21d41f408b05c988c8a4_v1436731960_1024x1024

Kvinneleg leiarskap i kyrkja

Kjersti Brakestad Boge, kapellan på Voss, skriv om kvinneleg leiarskap i kyrkja i lys av feministisk teori.

I samband med etterutdanning i 2015, har eg skrive ei oppgåve om Kvinneleg leiarskap i prostiet, der eg intervjua to tidlegare kvinnelege prostar om deira leiarskap. Eg har jobba litt med feministisk teori og har forsøkt å forstå svara deira i lys av det.

Kyrkja sin leiingskultur

Historisk har kyrkja alltid vore styrt av menn. Det er menn som har forma kyrkja sin struktur og leiingskultur. I samfunnet har kyrkja alltid vore ein konservativ organisasjon. Sjølv om det var tillatt med kvinnelege prestar frå 1938 i Noreg, vart ikkje den første kvinnelege presten, Ingrid Bjerkås tilsatt før i 1961. I dag er om lag 1 av 3 prestar kvinner. Men sjølv om det no vert fleire kvinnelege prestar, er det likevel ikkje tilsvarande like mange kvinnelege prostar.

Kjønna organisasjonar og feministisk teori

Det finnst mykje feministisk kjønnsteori som gjer forsøk på å forstå kva som er særskilt for kvinneleg leiarskap. Mange kan kjenne at ikkje alle kvinner passar inn i dette. Og er ikkje også menn svært ulike i sitt leiarskap? Det var viktig for meg å byrja med meir grunnleggjande kjønnsteori om organisasjonar og kjønn.

Joan Acker, som er ei av dei store og viktige amerikanske kjønnsforskarane har jobba med kjønna strukturar i organisasjonar. Strukturar og leiarskap i organisasjonar er skapt av menn og menn rekrutterar leiarar som liknar på seg sjølv til nytt leiarskap. Slik oppstår det ein del utfordringar på fleire plan for kvinner som ynskjer å verta leiarar.

Spørsmåla kring kvinner sin veg inn i leiarskap, er mange: Vert kvinnene sett av dei som rekrutterar til leiarskapet? Har kvinnene dei eigenskapane som leiarane meiner er naudsynte for leiarskap? Er kvinnene tøffe nok til å konkurera om desse stillingane? Finn kvinnene seg til rette i den mannsdominerte leiargruppa? Forstår kvinnene som kjem inn i leiargruppa korleis mennene kommuniserar seg imellom? Finn desse kvinnene seg til rette i styringsforma og målsettinga i orgaisasjonen? Opplever kvinnene at mennene brukar hersketeknikkar? Slik kunne eg fortsetta.

Marilyn Loden er av dei mest kjende kjønnsforskarane som har laga ei grundig gjennomgang om kva ho meiner er særskilt for kvinneleg leiarskap. Då ikkje å forstå at alle kvinner er slik, men at mange kvinnelege leiarar passar inn i dette biletet. Det var interessant å lesa, som eit bilete på kva typisk kvinneleg leiarskap er, så kunne det vera itneressant å sjå korleis dei to kvinnelege prostane eg intervjua passa inn i dette biletet.

I følge M.Loden er kvinneleg leiarskap prega av leiarskap i flat struktur og mykje kommunikasjon. Ho beskriv også korleis kvinnlege leiarar etterkvart opplever ein stor grad av einsemd i jobben sin.

Det var også interessant å lesa A.K.Solberg sitt arbeid om kvinneleg leiarskap blant sjukepleiarar her i Noreg. For sjølv om det er flest kvinnelege sjukepleiarar, så er det ikkje like mange kvinnelege leiarar for sjukepleiarane. Ho skriv ein del om kvinneleg samhald som gjer at det kan vera vanskeleg for kvinner å bryta ut og verta leiarar, for då bryt dei ut av gruppa, og mister det sosiale samhaldet. Mange vel etter ei stund med leiarskap å gå tilbake til ei underordna stilling, fordi dei ikkje orkar å stå i leiarskapet. Det var også interessant å sjå om dei kvinnelege prostane opplevde det same. Eg har latt meg inspirera av hennar arbeide og bruka hennar intervjumal til å intervjua dei to kvinnelege prostar.

To kvinnelege prostar

Dei to kvinnene eg intervjua var begge prostar kring prostereforma i 2004 i to forskjellige bispedømer. Den eine er pensjonert, medan den andre har blitt sokneprest. Begge to hadde vidare utdanning utover presteutdanninga og hadde mykje leiarerfaring før dei vart prostar.

Det er mange kvinner som har vore med og lagt til rette for kvinneleg presteteneste. Undervegs har mange kvinnelege prestar opplevd mykje diskriminering. Mange kvinner har tolt mykje og har stått gjennom mykje med håp om at det skal verta lettare etterkvart. Den eine fortalte: «Vi diskuterte om vi eigna oss som prestar. Eg kraup saman og sa ikkje så mykje. Eg tenkte at dette må du tole

Og det har vorte lettare. For mange yngre kvinnelege prestar er dette tema som ikkje er gjenkjennelege. Men av og til blussar det opp, alltid like overraskande og alltid like vanskeleg å handtera når det skjer. Den eine av prostane sa: «Eg måtte passe på og oppføre meg slik at eg ikkje øydela for dei som kjem etter meg. Det var sårt å sjå at at kvinnelege prestar flamleis opplever slikt i (…) i dag.»

Eg har også opplevd at det skjer oftare når spørsmålet om makt kjem inn i biletet. Difor var det interessant å sjå korleis to kvinnelege prostar hadde opplevd leiarskapet sitt. Det var også interessant å sjå korleis dei tenkte om å vera leiarar og deira leiarbilete. Eg hadde lyst til å læra meir om korleis dei løyste utfordringane dei møtte. Så var det ikkje minst interessant å sjå korleis dei kvinnelege prostane passa inn i dei ulike kjønnsteoriane.

Familieliv og prostejobb

Begge prostane meinte at det ikkje var foreineleg å vera prost og småbarnsmor. Den eine sa: «Går det an å kombinera det å vera kvinneleg prest med å vera mor, med mann og barn?» Den andre venta med å gå inn i prestetenesta til ho var ferdig med småbarnstida heime.

I ettertid såg dei begge at det var vanskeleg å kombinera ei kvinneleg preste- og prosterolle med eit kvinneleg omsorgsrolle. Den eine sa: «Eg trur at familiesituasjonane ikkje er så likestilt som vi ynskjer. Det er vanskeleg å vike frå omsorgsoppgåver som kvinner. Det må vi ta på alvor.» Dei meinte at strukturar i preste- og prostetenesta var tilpassa menn og deira tradisjonelle roller. Til dette meinte dei at kvinner burde vera flinkare til å stilla krav til møtetider og strukturar i kyrkja, slik at ein kunne vera både kvinneleg prest og leiar og omsorgsperson heime.

Det har alltid vore ein diskusjon i kjønnsteorien om kvinner er opplærte til å vera meir omsorgsfulle eller om dei er meir omsorgsfulle i sin natur. Desse to prostane var ikkje opptatt av det. Dei var opptatt av å få vera det dei er, omsorgsfulle kvinner og leiarar.

Leiingsideal

Leiarskap i kyrkja har vorte utforma av menn gjennom generasjonar. Det er deira erfaringar og verdiar som har utvikla leiingsmetaforane og modellane i kyrkja. Kvinner vil i ulik grad finna desse metaforane og modellane meiningsfulle. Det var interessant å høyra kva dei tenkte om dette og om dei hadde behov for å fylla metaforane med eit meir kvinneleg innhald.

Det var ikkje lett å finna kvinnelege rollemodellar i kyrkja. Begge hadde fleire mannlege rollemodellar som dei hadde lært mykje av. Men begge hadde kvinnelege rollemodellar utanfor kyrkja. Den eine lærte mykje av ein kvinneleg politikar, medan den andre lærte mykje av den katolske kyrkja sine andelege mødre blant nonnene. Der fann ho eit viktig reiskap for andeleg leiarskap, som ho brukte i si prosteteneste.

Hyrdemetaforen er sentral i forståinga av presterolla i vår kyrkje. Sjølv om hyrdemetaforen var mannleg, lika begge kvinnene hyrdemetaforen som leiingsmodell. Samstundes vart metaforen fyllt med eit kvinneleg innhald. Den eine sa: «Eg har ei venninne som dreiv som sauebonde. Du skal alltid sjå etter, samstundes som du går foran

Dei tok også med seg andre kvinnelege leiarmetaforar, som jordmor eller ulvemor. Den eine fortel: «Ulvemora Akela i Jungelboken er eit godt føredøme. Ulvemora eksemplifiserar og lar borna gjera sine eigne erfaringar.» Ho ynskte å vera ein tilstedeverande og deltakande leiar.

Samstundes som dei sakna kvinnelege leiingsmodellar, vart den tradisjonelle kvinnerolla også ei utfordring i relasjonane til mennene dei skulle leia. Begge fortel at dei vart oppfatta som ein morsfigur som leiarar. Dette kjem frå grunnleggjande kvinnebilete som vert danna i barndomen og vert kalla djupstruktur. Dette kan vera forstyrrande i forholdet til underordna. Den eine sa: «Eg opplevde at eg skulle vera ein sånn morsfigur. Det ville eg ikkje. Eg orkar ikkje å vera ei barnehagetante.» I sitt leiarskap var begge opptatt av å skilja mellom jobb og det som var privat i forholdet til dei underodna. Dei var også klare på at dei ikkje var sjelesørgjarar til sine underordna, fordi det ville rota til arbeidsforholda.

Begge kvinnene var opptatt av å vera leiarar i ein flat struktur. Dei la vekt på at dei var leiarar av høgt kompetente medarbeidarar og meinte det var viktig å underbyggja det faglege miljøet. I fylgje M. Loden er det eit typisk trekk for kvinneleg leiarskap, at dei spelar på kompetansen til medarbeidarane sine. Den eine beskriv det som å leia rundt eit rundt bord. Ho seier: «Det runde bord krev at du har tolmod, men eg kunne setja ting på dagsorden. Det er leiing i team, kompetanseleiieing og management.» A.K.Solberg nemner det også som typisk for kvinnelege leiarar å trekke ansatte i beslutningsprosessar.

Samstundes opplevde ho at nokre menn forsøkte å ta leiinga i frå henne på ein meir hierarkisk måte.

Kvinner i ein mannleg leiingskultur

Begge kvinnene var prostar i eit sterkt mannleg prostekollegium. Den eine var den einaste kvinnelege prosten, medan den andre hadde ein kvinneleg kollega. Dei sette pris på forholdet til kollegaene, det var ein plass der dei kunne diskutera leiarstillinga, forholdet til underordna og utforma arbeidet som prost.

Samstundes kjente dei begge på at dei var del i eit mannleg fellesskap. Begge opplevde at den mannlege leiingskulturen var prega av ein konkuransekultur. Den eine fortel: «Eg var den einaste kvinna i ei mannsdominert leiargruppe. Mannskulturen er ein konkuransekultur. Det var mykje av: Sjå kor flinke vi er. Dei skjønar det ikkje sjølv. Dei ser ikkje heile bilete.» Ho meiner at kvinner har lettare for å vera ærlege og ikkje skulda på andre når ting ikkje går bra. Mennene vil heile tida oppretthalda eit godt ytre bilete på at dei fiksar alt. Dette skriv også Gerd Lindgren om i artikkelen Rangordning og ritual i 1993, at den mannlege leiingskulturen er prega av hierarkisk konkuransekultur.

Begge kvinnene meinte at dette gjorde at mennene lukka augene for ein del andre perspektiver og ikkje alltid såg korleis det stod til med prestane. Den eine samanlikna dei med ravnen i Maria Gripe si bok Glassblåsarbarna og ho sa: «Dei ser berre med eit auga, dei manglar det menneskelege andre auga som hjelper til så sjå ting i eit større perspektiv.» Den andre knytta det også til det realsjonelle og sa: «Kvinner er gode på det relasjonelle. Vi registrerar med mange fleire sansar.» Begge kvinnene vektla omsorgsverdiar, som dei opplevde at deira mannlege kollegaer ikkje la like mykje vekt på. I fylgje M.Loden er dette eit typisk trekk ved kvinneleg leiarskap, at kvinner i større grad støtter seg på kjenslemessige og relasjonelle data når dei tar avgjerder.

Begge kvinnene opplevde dei 7 maktspråka til Berit Ås i praksis: usynleggjering, latterliggjerning, tilbakehalding av informasjon, fordøming, påføring av skuld, truslar og objektivering av kvinner. Den av prostane som hadde ein kvinneleg kollega, oppdaga korleis dette fungerte. Saman støtta dei kvarandre i kollegiet. Når den eine vart utsett for eit av maktspråka, retta den andre opp rett antall fingrar, slik at den som vart utsett for det skulle vita kva som skjedde og at den andre skjøna det. Dei understøtta kvarandre og vart på den måten sterkare i prostekollegiet.

Ovanfor bispekontoret opplevde dei at det stadig kom ynskje om leiing ovanfrå. Medan dei sjølv var meir opptatt av ein meir flat struktur. Dette var lite tilfredsstillande og dei kjende begge på at dei ikkje passa inn i leiingsideala til bispekontoret. Den eine sa: «Kvinner passar ikkje inn. Dei bør endra leiingsideala.» Begge opplevde også at deira leiingstil vart oversett og at bispekontoret favoriserte ein meir maskulin leiarstil. Den eine fortalte: «Det var ikkje som eg ønskte. Eg mangla vikarar. Viss eg var mann, hadde dei akseptert det.» Dette gjorde noko med deira oppleving av å vera mellomleiar i kyrkja. Den eine fortalte: «Eg kjenner berre meg sjølv. Eg målte meg med mannsidealet.» Dette viser at Joan Acker sine teoriar om kjønna strukturar og organisasjonar også passar i kyrkja.

Korleis kan vi få fleire kvinnelege leiarar i kyrkja?

Mange kvinner har møtt mykje motstand på vegen til presteyrket og i arbeidet deira. Mange kvinner orkar ikkje belastninga med å vera mellomleiar. Framleis er det slik at mange kvinner treng meir oppmuntring til å verta leiarar i kyrkja. På 90-talet gjennomførte kyrkjedepartementet leiingskurs for kvinnelege prestar. Alle dei kvinnelege biskopane våre deltok på desse kursa. Kvinner har lett for å seia at det ikkje passar no pga familien eller kyrkjelyden. Kvinnene må sjølv våga å søka og konkurera om leiarstillingane, men dei treng oppmuntring og gode vegleiarar.

Kvinnene treng også å få lov til å vera omsorgsfulle kvinner, sjølv om dei er leiarar. Det må aksepterast at kvinnene set andre grenser enn menn for korleis og når dei utfører arbeidet.

Kjersti Brakestad Boge

Kjersti Brakestad Boge

Kvinner treng også å forstå dei mannlege maktstrukturane og Berit Ås sine maktspråk, slik at dei ikkje vert vippa av pinnen av useriøs argumentasjon. Mange har lett for å tenka at ein ikkje forstår dette eller at ein ikkje er flink nok i møte med slikt maktspråk. Når ein skjønar kva som skjer, er det lettare å handtera dei ulike situasjonane på ein god måte og delta i kollegiet på lik line med mennene.

Til slutt treng vi i kyrkja også ei endring av leiingsideal og leiingskultur. Nyare forsking viser at når ein skal leia høgt kompetente medarbeidarar er det den flate leiingstrukturen som er mest tilfredsstillande. Det burde vera eit mål for kyrkja å elska dette fram som eit leiingsideal. Det ville fleire kvinner kjenna seg meir heime i.

Kapellan på Voss, Bjørgvin bispedøme. Prest i Bjørgvin frå 1998. Tidlegare stiftsstyreleiar i Presteforeningen. Gjennomførte utdanningen Pastoral lederutvikling. (etterutdanning for prester i samarbeid mellom Diakonhjemmets høyskole, Teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo) og har vært  leder Presteforeningen. 5. Gift, 5 skjønne born.

Post kommentar